| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD

Lang fjord, lang soge...

 

Den lange fjorden har óg ei lang soge - frå dei fyrste fjordpionérane
kryssa Sognesjøen i selskinnsbåtar til skrivne
kjelder kasta det fyrste historiske ljos over fjorden - 10 000
år levd liv. Frå Grønehellaren i havgapet i Solund til Skrivarhellaren
under Jotunheimen i Årdal - her finst ei mengd
små og store spor frå førhistorisk tid. Nokre er faste kulturminne
- gravhaugar, kvernsteinsbrot, helleristingar - desse lyt
du vitje og oppleve, men du kan ikkje ta dei med deg. Andre
er lause kulturminne - våpen, smykke, reiskap, klede - desse
finst på musea. Her konkurrerar minna frå Sognefjorden
med ei mengd andre gjenstandar om å hamne i monter - dei
fleste hamnar i skuffa. Det er gjennom alt dette små, i stein,
jern, bronse, sylv, gull, ull , lin og glas, at me kjem fjordfolket
nærast.